HELSE/FRUKTBARHET/DYREVELFERD

Alltid fokus på magen

Av og til hender det at eg vert tilkalla til kyr som sluttar å eta kraftfôr og har laus avføring. Dette kan vera symptom på mange sjukdommar, både alvorlege og mindre alvorlege, og utifrå undersøking og opplysningar frå bonden, kan me ofte stilla ein diagnose og gi ei behandling som får kua i gang å eta igjen.

Oddfrid Vange Bergfjord

Frilansar Buskap

Det er svært mykje å henta på rett fôring av mjølkeku. Grovfôr med mykje struktur stimulerer spyttproduksjonen, og spyttet inneheld mykje bikarbonat som nøytraliserer syre i vomma. For god utnytting av kraftfôr, er det også lurt å gi grovfôr før kraftfôr.
Foto: Turi Nordengen

Mange gonger skuldast dette feil med fôringa, og bakgrunnen for problemet er at kua har fått tildelt for mykje lettfordøyelege karbohydratar, gjerne kraftfôr, men også grovfôr med lite fiber spelar inn. Kua kan då bli «sur» i vomma fordi det vert overproduksjon av mellom anna mjølkesyre.

Dårleg start på laktasjonen

Dette problemet ser eg på enkeltdyr oftast om hausten i tida rundt kalving, og vanlegvis ved for rask opptrapping med kraftfôr. Når dette skjer, får kua ein dårleg start på laktasjonen, og ho må tæra på kroppsreservoaret av feitt og musklar fordi ho får redusert inntak av energi ei stund. Når slike nykalvarar vert sure i vomma, må ein starta heilt på nytt med opptrapping med kraftfôr, og det tek følgeleg endå lenger tid før ein får dei opp til ynskjeleg mengde. Mengde fiber i rasjonen spelar også inn, og grovfôr med lite fiber som til dømes håslått eller kraftig beite, kan også forverra tilstanden.

Kan vera besetningsproblem

Sur vom kan ramma både enkeltdyr, men av og til er det også heile besetningen som er utsett. Symtom på besetningsnivå kan vera mykje oppgulp frå vomma framme i liggjebåsane, generelt lause magar, redusert mjølkeyting og låg feittprosent i mjølka. Andre følgjesjukdommar ein kan vera meir utsett for ved sur vom er løpedreining, ketose, leverbyllar og forfangenheit. I tillegg vert det vanskelegare å få kalv i kyrne mellom anna fordi dei ofte får for stort holdtap etter kalving, noko som gir dårlegare eggkvalitet, og dei kjem seinare i brunst.

«prøve å fôra slik at ein legg til rette for det "gode" mikrobane i vomma»

Stor gevinst med god fôring

Utifrå dette, er det alt å vinna på å alltid ha fokus på magane. Ein må prøva å fôra slik at ein legg til rette for dei «gode» mikrobane i vomma. På dette viset utnyttar kyrne fôret slik at dei held seg friske, opprettheld god fruktbarheit og dei produserer mest mogeleg mjølk og mjølkefeitt. Opptrapping med kraftfôr etter kalving, må skje gradvis, ein bør ikkje auka med meir enn 0,5 kg for dagen. Ein bør heller ikkje gi meir enn maks 3 kg per tildeling. Grovfôrrasjonen bør setjast saman slik at dyra får tilstrekkeleg fiber, og ein bør veksla mellom dei ulike slåttane. Det er uheldig å til dømes kun fôra med håslått ein periode. Viss dyra er blitt sure i magen, bør ein ta grep og skaffa seg fiberrikt grovfôr for å få dei over kneika. Grovfôr med mykje fiber stimulerer mellom anna til utskiljing av spytt, og spyttet er med og nøytraliserer syra i vomma. Grovfôr før kraftfôr er også smart med tanke på utnyttinga av kraftfôret.

God strategi

Men det er heller ikkje slik at for mykje av det gode, er supert, for det må vera ein balansegang mellom fiber og lettfordøyelege karbohydrat, og ein skal vera klar over at ved for mykje fiber i rasjonen, fell mjølkeytinga. God og rett fôring av mjølkekyr er ein kunst med mange fallgruver, men ved å ha ein god strategi for fôringa, kan ein redusera risikoen for mange sjukdommar og samstundes få god fruktbarheit og meir mjølk med høgt tørrstoffinnhald.

Hvorfor akkurat fløte

Tekst og foto:
Anne Hege Hunskaar Tajeth

Veterinær/kursansvarlig i Geno

anne.hege.hunskaar.tajet@geno.no

Fløte hever smaken, både sommersmak av jordbær og iskrem og høstgrytene med en fløteskvett i sausen. For ikke å snakke om kaker til store fester! Melkekua bidrar godt både til hverdag og fest for de aller fleste. I norrønt språk bruktes fleyta for fløte, og islendingene bruker fortsatt et ord som likner mye. Fleyta eller fljóta, som betyr å flyte, eller «få til å flyte», og da blir det straks god sammenheng mellom fløten som flyter opp og kan skummes av melka og å fløte tømmer. Ordet flod er et høyst flytende ordsøskenbarn som er avledet av germanske flutan og den enda eldre indoeuropeiske roten pleu. Så da vet vi det!